Arbeidet med den 600 meter lange vassleidningsgrøfta har pågått sidan mai. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen

Stenger E39 i Os i tre netter

E39 mellom Tøsdalsskiftet og Moberg i Os blir stengt tre netter på grunn av anleggsarbeid. Ei  vassleidning skal krysse E39.

Det har pågått bygging av ei 600 m lang ny vassleidningsgrøft på strekninga sidan i mai. Arbeidet er inne i siste fase, og då må ein krysse E39. Når dette pågår kan det ikkje vere trafikk på vegen, og E39 blir dermed stengt for all trafikk tre netter i veke 34. Det blir stengt mellom kl. 22.00 til 06.00 frå onsdag kveld 24. august til laurdag morgon 27. august. Vegen er som tidlegare i sommar open for ein vegs trafikk i retning Halhjem på dagtid og kveld mellom kl. 06.00 og 22.00 heile veka. Omkøyringa er via fv. 552 om Øysøro. Arbeidet blir utført nattestid, når det er låg trafikk,melder vegvesen.no.

Grøfta er mellom tre til fem meter djup, og det har vore mykje sprengingsarbeid i byggeperioden. Det er nedsett fartsgrense forbi anleggsområdet, men det var likevel ein del trafikantar som heldt for høg fart på det eine køyrefeltet forbi byggeplassen. Etter fleire politikontrollar, fartvisningstavle og seinare etablering av fleire fartshumpar, har trafikantane synt meir omsyn til anleggsarbeidet på veg forbi byggeplassen.