Firma | Nordbohus Sogn |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Sted | Sogndal |
Søknadsfrist | 15.07.2016 |
Grunna auka aktivitet søker me prosjektleiar i Sogndal
Me søker etter ingeniør/teknikkar med erfaring frå reguleringsarbeid/ tomteutvikling. Personar med anna relevant teknisk utdanning og praksis kan også søkje.
Du må vere resultatorientert og ha gode evner til å samarbeide. Du må vere fortruleg med bruk av PC samt gjere seg nytte av aktuell programvare for dette fagfeltet. Arbeidsoppgåvene er svært varierte og interessante, og mykje av resultatet avheng av evne til god personleg kontakt med kundar, kollegaer, underentreprenørar, offentlege myndigheiter o. a.
ANSVARSOMRÅDE
• Regulere tomtefelt for kundar og i eigenregi
• Tomteutvikling
• Teknisk-, framdrifts-, og økonomisk oppfølging av prosjekta
• Kontrahere underentreprenørar
• Byggesakshandsaming
ME TILBYR
• Hektisk kvardag i godt arbeidsmiljø
• Varierte arbeidsoppgåver
• Lønn etter avtale
• Sjølvstendig arbeidsdag
Den rette personen vil i stor grad organisera eigne arbeidsoppgåver og arbeida sjølvstendig.
SPØRSMÅL OM STILLINGA KAN RETTAST TIL
Heidi Helle på tlf 918 23 411 eller Dag Loftesnes på tlf 977 72 780
Kortfatta søknad med CV kan sendast pr epost til:
dag.loftesnes@nordbohus.no.
Nordbohus Sogn AS • Postboks 25 • 6849 Kaupanger
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Nordbohus Sogn, Sogndal
- Fylke Sogn og Fjordane