Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Rogaland |
Sted | Stavanger |
Søknadsfrist | 18.10.2015 |
Vil du vere med å leie Statens vegvesen i Rogaland?
I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som seksjonsleiar i vegavdeling Rogaland med kontorstad Stavanger. Vegavdeling Rogaland har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og investeringstiltak på riks- og fylkesvegane i heile fylket og skal syte for, sams vegadministrasjon, av riks- og fylkesvegane i Rogaland. Årleg har avdelinga ein omsetnad på om lag 3 mrd.
Innhald i stillinga som leiar av plan- og forvaltningsseksjon for Stavanger:
Seksjonsleiaren vil ha personalansvar for tilsette på seksjonen og resultatansvar innafor eit geografisk område som omfattar Rogaland fylke sør for Boknafjorden og Jøsenfjorden. Seksjonen har ansvar for all kommunekontakt i plansaker. I tillegg har seksjonen ansvar for forvaltning av ulike saksområde etter veglova og vegtrafikklova innan skilting, avkøyrsler, nabotilhøve, mm. Seksjonen har i tillegg prosjektleiaransvar for formelle planar etter plan og bygningslova for eigne prosjekt og er ein pådrivar innan kollektiv- og sykkelsatsinga, spesielt på Nord-Jæren. Seksjonen vil ha om lag 25 tilsette.
Aktuelle oppgåver:
- delta i avdelingsdirektøren si leiargruppe
- legge strategiar, utvikle leiings- og styringssystem og utøve arbeidsgjevarrolla
- resultatansvar og økonomiansvar for seksjonen sine ansvarsområde
- personalansvar for tilsette innafor aktuell eining
- profilere og marknadsføre etaten utad
- overordna fagleg ansvar
Kvalifikasjonskrav:
Utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år, innan relevant fagkrins. For kandidatar med spesielt sterk og allsidig praksis og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).
Dette ønskjer vi oss:
Vi ser etter ein trygg leiar som har evne til å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg måte. Vi ønskjer at du skal finne balansen mellom operativt og strategisk arbeid, mellom fag og forvaltning og mellom arbeid og fritid – både for medarbeidarane dine og deg sjølv.
I Statens vegvesen ønskjer vi å vere profesjonelle, framtidsretta og inkluderande.
Som leiar av seksjonen er det viktig at du:
- har erfaring frå tilsvarande arbeid
- kan utvikle og inspirere, vere tydeleg og er ein god rollemodell
- kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
- har samfunnsinteresse og engasjement
- har omstillingsevne i forhold til organisasjon og samfunn
- er strukturert, initiativrik, sjølvstendig og lojal
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi kan tilby:
- løn etter nærare avtale, jamfør etatens lønspolitikk
- engasjerande og samfunnskritiske arbeidsoppgåver
- rom for etter- og vidareutdanning
- fleksibel arbeidstid
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
Stillinga føreset godkjend sikkerheitsklarering eller at slik kan gjevast, samt at du har førarkort klasse B.
Kontaktpersonar:
Astrid Eide
tlf: +47 51911735
mob: +47 90131516
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Stavanger
- Fylke Rogaland