Ved utgangen av veke 44 var dermed fyllingsgraden 90,2 prosent. Dette er 2,0 prosentpoeng høgare enn normalt for veka, og det er 11,7 prosentpoeng høgare enn på same tid i fjor. I Sverige var fyllingsgraden 85,2 prosent, noko som er uendra frå sist veke. I veke 44 var det eit nyttbart tilsig til det norske kraftsystemet på 4,8 TWh Dette er det høgaste berekna tilsiget som nokon gong er registrert i denne veka. den førre rekorden var på 4,4 TWh, og var frå 1978. Lågare etterspørsel som følgje av mildt ver og utviklinga i vatnkraftsituasjonen førde til reduserte priser i veke 44. Den lave etterspørselen var også orsak til at den norske vasskraftproduksjonen sokk med nesten 10 prosent frå veke 43.
- Nøkkelord
- Import