Teknisk byggjeleiar tunnel

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist20.08.2015

Vi søkjer teknisk byggjeleiar tunnel til prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal.

Hausten 2015 startar anleggsarbeida på den nye motorvegen mellom Os og Bergen. Her skal det i alt byggjast 18,5 km ny 4-felts veg, av dette ca. 14,5 km i tunnel. Med ein kostnadsramme på 6,5 milliardar kroner vert prosjektet eit av dei største vegprosjekta som nokon gong er gjennomførd i Noreg. Om du vil vere med på byggherrelaget, må du søkje no!

Som teknisk byggjeleiar innan fagområdet tunnel for kontrakten K10 Svegatjørn-Rådal vil du ha ansvar for oppfølging av teknisk kvalitet, økonomi og framdrift, samt ha arbeidsleiaransvar for kontrollingeniørar. Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen

Kontrakten omfattar ca. 23 km tunnel i varierande fjellkvalitet, og vert sannsynlegvis Norges største reine vegkontrakt.

Tunneldriving vil på det meste føregå frå opptil 11 stuffer samstundes og innreiing av tunnelane utførast delvis paralellt. Det er satt krav til maksimal innlekkasje i tunnelen og injeksjon er forventa på deler av strekninga.

Prosjektkontor skal etablerast på Hamre ved Klokkarvatnet vinteren 2015/2016.

Arbeidsoppgåver:

  • Teknisk, økonomisk og framdriftsmessig oppfølging av tunnelarbeid.
  • Arbeidsleiaransvar for kontrollingeniørar tunnel i samarbeid med dei andre byggjeleiarane på prosjektet
  • Oppfølging av kartlegging og dokumentasjon av fjellkvalitet og stabilitetsvurderinger av fjellskjæringer og påhugg
  • Oppfølgning av injeksjonsarbeider
  • Lage kontrollplan og sørge for at kontrollar vertgjennomførd
  • Handsaming av endringar og avvik

Kvalifikasjonar og bakgrunn:

Kanskje har du allereie arbeidet på eit stort bygg- eller anleggsprosjekt, men også anna erfaring frå tilsvarande prosjekt kan vere relevant. Erfaring frå oppfølgning av tunneldriving, injeksjonsarbeider, sikring og etterarbeid er ønskelig.

Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskole, helst innen ingeniørgeologi, min 3 år. Du har i tillegg kunnskap om Novapoint og Q-metoden.

Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Vi søkjer etter målretta personar og sjølvstendige personar som arbeider systematisk. Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg og du leder kontrollingeniører på en profesjonell måte. Vi legg vekt på at du er initiativrik, ryddig, strukturert og serviceinnstilt, samt har gode evner for å skape samarbeid og gode tillitsforhold. Det er elles viktig med gode generelle datakunnskaper.

Du har også førerkort for bil (klasse B).

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk her

Kontaktpersonar:
Sverre Ottesen
mob: +47 97619460

Kari Bremnes
mob: +47 95253159


Vis flere stillinger: