Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Hordaland |
Sted | Bergen |
Søknadsfrist | 22.03.2015 |
Hausten 2015 startar anleggsarbeida på den nye motorvegen mellom Os og Bergen. Her skal det i alt byggjast 18,5 km ny 4-felts veg, av dette ca. 14,5 km i tunnel. Med ein kostnadsramme på 6,5 milliardar kroner vert prosjektet eit av dei største vegprosjekta som nokon gong er gjennomførd i Noreg. Om du vil vere med på byggherrelaget, må du søkje no!
Som teknisk byggjeleiar i prosjektet vil du ha ansvar for oppfølging av teknisk kvalitet, og arbeidsleiaransvar for kontrollingeniørar. Vi skal tilsette tekniske byggjeleiarar innan fagområda veg, konstruksjon og tunnel. Stillingane inngår i den regionale byggherrepoolen.
Prosjektkontor skal etablerast på Hamre ved Klokkarvatnet hausten 2015.
Arbeidsoppgåver
- Teknisk, økonomisk og fremdriftsmessig oppfølging innan aktuelt fagområde
- Arbeidsleiaransvar for kontrollingeniørane på prosjekt i samarbeid med dei andre byggjeleiarane på prosjektet
- Oppfølging av kontrakt med entreprenør
- Ansvarleg for at krav til dokumentasjon og rapportering vert følgd av entreprenør, både undervegs og ved ferdigstillelse
- Koordinere informasjonsflyt og erfaringsutveksling på tvers av avtale-/kontrakts- grense og ulike faglege interesser
- Lage kontrollplan og sørge for at kontrollar vert gjennomførd
Kvalifikasjonar og bakgrunn
Kanskje har du allereie arbeidd på eit stort bygg- eller anleggsprosjekt, men også anna erfaring frå tilsvarande prosjekt kan vere relevant.
Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskole, min. 3 år, innan bygg- og anleggstekniske fag. Du som søker stilling innan fagområde tunnel bør ha utdanning som ingeniørgeolog. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.
Vi søkjer etter målretta og sjølvstendige medarbeidarar som kan arbeide systematisk. Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg, og du leier kontrollingeniørane på ein profesjonell måte. Vi legg vekt på at du er initiativrik, ryddig, strukturert og serviceinnstilt, samt har gode evner for å skape samarbeid og gode tillitsforhold. Det er elles viktig med gode generelle datakunnskaper. Du har også førarkort for bil (klasse B).
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr og desse goda:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
- etatsskolar og høve til fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
Spørsmål om stillingen?
Kari Bremnes
Telefon
51 11 18 32
Knut B.Langeland
Telefon
908 25 871
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Bergen
- Fylke Hordaland