Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Rogaland |
Sted | Stavanger |
Søknadsfrist | 18.01.2015 |
Planleggingsleiar for prosjekt i Bypakken Nord-Jæren
- tidenes største satsing innanfor planlegging av kollektiv- og sykkelvegnettet på Nord-Jæren
I Bypakke Nord-Jæren er det mange spennande og utfordrande oppgåver innan veg- og arealplanlegging som bussveg 2020, kollektivfelt på E39, Sykkelstamveg og andre større sykkelvegprosjekt. Statens vegvesen har ansvar for planlegginga av desse prosjekta, og treng dyktige fagfolk for å møte den auka arbeidsmengda. Vil DU vere med å utvikle samferdslenettet i regionen?
Vi søkjer etter ein erfaren planleggar som kan leie og koordinere planarbeidet, fortrinnsvis med erfaring innan veg- og arealplanlegging. Andre kandidatar med omfattande relevant erfaring kan og søkje. Det er mange spennande og utfordrande fagområde innanfor veg- og tunnelplanlegging, bruplanlegging, arealplanlegging, stadutvikling, landskapstilpassing og landskapsforming, geologi og geoteknikk m.m. som vert knytt til planarbeidet. I tillegg til prosjekt innanfor Bypakken, kan det og vere aktuelt å få ansvar for andre prosjekt på riks- og fylkesvegnettet som er omtala i Nasjonal Transportplan eller Handlingsprogram for fylkesveger i Rogaland.
Stillinga vil vere knytt til Planseksjonen på Ressursavdelinga, med kontorstad Stavanger, og er ledig for snarleg tiltreding. Stillinga er i utgangspunktet fast, men andre tilknytingsformer kan vere aktuelle.
Arbeidsoppgåver
Planleggingsleiar har ansvar for å koordinere planarbeidet med kommunedelplanar og reguleringsplanar med spesiell fokus på:
leiing og koordinering av planarbeidet
veg- og arealplanlegging
innkjøp og styring av konsulentoppdrag ved behov
involvering og god kommunikasjon med interne og eksterne samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonskrav
utdanning frå høgskule eller universitet på sivilingeniør- eller masternivå, min. 5 år. For kandidatar med omfattande relevant erfaring, og som er spesielt godt eigna for stillinga, kan ein fråvike kvalifikasjonskravet
minimum 6 års relevant erfaring
erfaring med veg- og arealplanlegging
erfaring med å leie store og komplekse planprosjekt
Det er vidare ønskjeleg at du har:
erfaring med planlegging etter plan og bygningslova
gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg (nynorsk og/eller bokmål)
evne til å styre, koordinere og samordne oppgåver
evne til å tenkje nytt og ha eit heilskapleg perspektiv
vilje til å gjennomføre oppgåver
Vi kan m.a. tilby
ein arbeidsplass med stor takhøgd, fagleg fokus, spennande arbeidsoppgåver og gode tilbod for personleg- og fagleg utvikling
gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
triveleg arbeidsmiljø med gode velferdsordningar
løn i samsvar med etaten sin lønspolitikk, det vert trekt 2 % til pensjonsordninga i Statens pensjonskasse
rimeleg leige av etaten sine bedriftshytter
fleksitid
Ein god og mangfaldig arbeidsplass
Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og trygge rammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidarane sine rettar. Sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.
Søknad
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vere godkjend av NOKUT ( www.nokut.no)
Kontaktpersonar:
Franka Häussler
tlf: +47 51911481
mob: +47 90518298
Linda Karlsen Longfjeld
tlf: +47 51911403
mob: +47 92240413
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Stavanger
- Fylke Rogaland