Firma | Forsvarsbygg |
Fylke | Oslo |
Søknadsfrist | 08.12.2014 |
Frå 1.januar 2015 tek Forsvarsbygg over forvaltninga av bustad og kvarter. Ansvaret til Forsvarsbygg er å ivareta oppgåver knytte til bygg- og eigendomsforvaltninga. Bustad og kvarter er eit svært viktig personalpolitisk
verkemiddel for Forsvaret. Målet til Forsvarsbygg er å «Etablere og utvikle dagens bustad- og kvarterteneste og styrke servicen til leigetakarar og gjestar». Dette vil mellom anna seie å profesjonalisere og effektivisere bustad og kvartertenesta i samarbeid med andre avdelingar i Forsvarsbygg og Forsvaret. Arbeidet vårt skal føre til betre leigetakar- og gjesteopplevingar. Har du lyst til å vere med på utviklinga av den nye tenesta, søkjer Forsvarsbygg no etter konsulent for eininga i marknadsområde Viken. Stillinga rapporterer til leiar av bustad og kvarter i marknadsområde Viken. Arbeidsstad vil vere ved Krigsskolen Linnerud.
Forsvarsbygg har som målsetjing at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfagleg arbeid, mangfald og likestilling. Vi ønskjer derfor ei verksemd der alder, kjønn og etnisitet mellom dei tilsette er balansert. Vi ønskjer å knytte til oss nye medarbeidarar som kan påverke bedriftskulturen positivt gjennom si personlege og faglege kompetanse.
Forsvarsbygg er underlagt vilkåra i Offentlighetsloven – jfr særleg Offentlighetslovens § 25.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgåver
- Utføre saksbehandling ism marknadsområdet si forvaltning av bustader og kvarter samt ta vare på dokumentasjon.
- Utforme leigekontraktar med leigetakarar, under dette å registrere leigetilhøve i database.
- Gjere inn- og utflyttingskontroll og dokumentere feil og manglar.
- Ansvarleg for at leigetakar ved innflytting blir gjort kjent med tekniske tilhøve.
- Gje råd og rettleiing iht bebuarar i Forsvaret sine bustader ism inn- og utflytting. Oppfølging av leigetakar i leigeperioden.
- Koordinere, planleggje og ha oversikt over kvarterbehov ism kursaktivitet og øving.
- Ta i mot bestillingar på tilfeldig kvarter.
- Rapportere behov for vedlikehaldstiltak samt evt. behov for utskifting av møblar og utstyr.
- Administrasjon av nøklar og nøkkelkort.
- Kontaktperson mot Forsvaret og internt i Forsvarsbygg ism bustadsaker.
- Kontaktperson mot burettslag/sameigar/offentlege etater etc i alle saker som vedgår leigetilhøvet, under dette stille som representant i burettslags- / sameigarmøte.
- Andre oppgåver innanfor ansvarsområdet til eininga.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning og arbeidserfaring
- Førarkort kl B
- Det blir føresett tryggingsklarering for hemmeleg
Personlege eigenskapar
- Systematisk og strukturert
- Serviceorientert
- Tek ansvar og god til å følgje opp
- God planleggings- og gjennomføringsevne
- God munnleg og skriftleg formuleringsevne
Vi tilbyr
- Lønn som konsulent/ førstekonsulent (kode 1065/1408) iht Statens lønnsregulativ
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Gunstige bustadlån i Statens Pensjonskasse
- Bedriftshelseteneste
- Gode velferdsordningar
- Gode høve for personleg og fagleg utvikling
Andre opplysningar
- Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben
Kontaktinfo: Rene Ivan Hegge - Stabsleiar - (+47) 482 82 206
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Forsvarsbygg
- Fylke Oslo