Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Sted | Førde |
Søknadsfrist | 20.08.2014 |
I Vegavdeling Sogn og Fjordane er det ledige stillingar på Plan- og forvaltningsseksjonen fordi 2 medarbeidarar har fått annan jobb i etaten. Vi jobbar med arealplanar og forvaltningssaker langs riks- og fylkesvegane td. avkøyrsler, byggjegrenser og skilthandsaming. Trafikktrygging og trafikktryggingstiltak er også viktige arbeidsoppgåver for oss.
Likar du å jobbe i eit aktivt miljø der samarbeid er viktig? Er du omgjengeleg og har godt humør? Likar du utfordringar og å ha mange ballar i lufta? Då er gjerne dette aktuelle jobbar for deg.
Arbeidsoppgåver:
• Trafikktrygging internt og i samarbeid med kommunane
• Forvaltning av vegnettet (avkøyrsle/ leidningar og dispensasjon frå byggegrense )
• Andre oppgåver innafor seksjonen sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonskrav:
• Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år
• Ynskjeleg med kunnskapar frå ei eller fleire av dei aktuelle arbeidsoppgåvene
• Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
• Førarkort for personbil
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, må den vere godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).
Det vil og bli lagt vekt på:
• Evne til å ta initiativ, jobbe sjølvstendig og strukturert
• God samarbeidsevne og evne til å skape gode resultat saman med andre
• At kompetansen til søkar høver inn i den samla kompetanse på seksjonen
Vi tilbyr:
Interessante arbeidsoppgåver i ein organisasjon med stort fagmiljø, med gode høve for personleg og fagleg utvikling. Vi har fleksibel arbeidstidsordning og gode velferdstilbod.
Gunstige pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse. Løn i samsvar med etaten sin lønspolitikk. Den vert trekt 2 % til Statens Pensjonskasse
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hos oss – uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.
Kontaktpersonar:
Vigdis Lobenz
tlf: +47 57724054
mob: +47 97517380
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Statens vegvesen Region vest, Førde
- Fylke Sogn og Fjordane