Anlegget skal utførast som totalentreprise der hovudentreprenøren sjølv skal ha ansvar for tunnel og betongarbeida medan underentreprenør E Opedal og Sønner AS skal ta seg av vegbygginga.
Tunnel, bru og vegar
I prosjektet inngår Stordalstunnelen og Bakkatunnelen med lengder på 1190 og 160 meter, ei bru – type betongplatebru i 3 spenn, lengd 110 meter samt vegar. Heile strekninga er på om lag 4,7 kilometer. I kontrakten inngår også bygging av fleire side- og lokalveger med jordbruksunderganger samt gang og sykkelsti med samla lengd på ca 2,5 kilometer
Heile 10% av kontraktssummen skal gå til oppsetting av tørrmurar i naturstein, med samla areal på over 15 000 m2.
Etterlengta prosjekt
- Dette er eit viktig prosjekt som lenge har vore etterspurd både av politikarar, lokalbefolkning og trafikantar, seier regionvegsjef Helge Eidsnes. Alle er utolmodige etter å få Stordalstunnelen realisert.
- Vi satsar på at vi skal vere ferdige i oktober 2015, seier prosjektleiar Rolf Harkestad. Det er ikkje lang byggetid, men mi erfaring med Kruse Smith as er at dette vil vi greie.Elles er han glad for å skrive kontrakt med Kruse Smith AS enno ein gong. Vi kjenner kvarandre frå tidlegare samarbeid både med Jondalstunnelen og Moshovdatunnelen.
Fokus på HMS
Regionvegsjefen trekker fram kor viktig det er å flagge HMS høgt. Til samanlikning med framdrift og økonomi så er HMS det viktigaste. Her må byggherre og entreprenør samarbeide godt.
- Det er liten vits i å ha fine planar i hylla dersom ikkje kulturen og haldningane til dette er på plass, seier Eidsnes. Få HMS inn i spisebrakka, enkle tiltak kan gjennomførast på to-tre minutt.
- Nøkkelord
- Statens vegvesen
- Anlegg