Siste salve sprengast snart i Gyadalen

Rassikringa av fylkesveg 42 i Gyadalen har kome så langt at den 1.024 meter lange tunnelen blir ferdig sprengt ut allereie fredag ettermiddag, skriver Statens Vegvesen i ei pressemelding.

– Klokka 17.00 i ettermiddag får vi gjennomslag i tunnelen i Gyadalen, seier byggeleiar Tor Oscar Walskaar i Statens vegvesen.

Arbeidet har gått raskt framover etter ferien.

– Kvaliteten på fjellet har vore svært god og vi har sprengt over hundre meter i veka den siste tida, fortel Walskaar.

Først om eitt år er rassikringsprosjektet i Gyadalen klar til opning. Framover er det mykje arbeid som skal gjerast i tunnelen. I tillegg skal det byggast nesten to kilometer veg utanom tunnelen.

– I samband med bygginga av vegen ute må vi sprenge bort ein del stein. I kveld stenger vi difor vegen frå klokka 20.00 og fram til klokka 06.00 i morgon tidleg, opplyser Tor Oscar Walskaar.