- Denne helga er siste ferieveke for mange, og vi ventar mykje trafikk på vegane. Folk må planlegge reisa si, og belage seg på at det vil ta lengre tid å komme seg fram, seier fungerande regionvegsjef Paal Fosdal.
Han oppmodar samstundes bilistane om å ta det med ro.
- Statistikken viser at august er ein månad med mange ulukker på vegane. La ikkje køar og omkøyring stresse deg til å gjere dårlege vurderingar, seier Fosdal.
Det har dei siste dagane vore lange køar og ventetider i Hardanger, spesielt på ferjesambandet Bruravik-Brimnes. Statens vegvesen brukar no alt vi har av tilgjengeleg kapasitet på ferjesambanda i regionen.
Mindre ferjesamband og meir lokale vegar kan vere ei løysing for vanlege personbilar, tungtransporten bør velje riksvegar og større fylkesvegar.