Dette seier samferdselsminister Marit Arnstad i samband med eit forslag om at Statens vegvesen skal få fullmakt til å gjennomføre prosjektet E16 Varpe bru - Otrøosen - Smedalsosen, i Oppland og Sogn og Fjordane.
Utbygginga er rekna å koste 1,49 milliardar kroner, og skal finansierast med løyvingar over statsbudsjettet.
I budsjettet for 2013 er det sett av midlar til førebuande arbeid. Det er førebels lagt opp til anleggsstart våren 2014 og opning for trafikk i 2017. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til dette i statsbudsjettet for 2014.
Prosjektet omfattar bygging av om lag 20 kilometer ny veg, med om lag seks kilometer i tunnel. For å minske problema med snødrev skal vegen leggjast høgt i terrenget og med slake skråningar.
- Nøkkelord
- Statsbudsjett