E134 gjennom Telemark blir 11 kilometer kortare

- E134 gjennom Telemark får tryggare trafikk, med vesentleg betre standard og kortare køyretid. Utbygginga vil bety mykje for folk og næringsliv, og er eit viktig prosjekt for ein meir moderne og effektiv veg mellom Austlandet og Vestlandet.

Dette seier samferdselsminister Marit Arnstad i samband med eit forslag om at Statens vegvesen skal få fullmakt til å gjennomføre vegprosjektet Gvammen – Århus. Forslaget blei lagt fram i statsråd i dag.

Utbygginga fører til at E134 mellom Hjartdal og Seljord blir innkorta med om lag 11 kilometer. Prosjektet er rekna å koste 2,026 milliardar kroner, og skal finansierast ved løyvingar over statsbudsjettet.

Prosjektet omfattar bygging av 11,6 kilometer ny veg mellom Gvammen i Hjartdal kommune og Århus i Seljord kommune. 9,6 kilometer av den nye vegen skal leggjast i tunnel. I tillegg skal det byggjast om lag ein kilometer ny veg på kvar side av tunnelen, som kopling mot dagens E134. I prosjektet inngår også tiltak på gamal E134.

Vegen er planlagd med ei bredd på 10 meter og med styrkt midtoppmerking. Det er lagt opp til anleggsstart sommaren 2014, med opning for trafikk i 2018.