Den mest viktige forskriftsendringa er at landbruksunntaket vil gjelde dersom inntektene frå festetomtene til saman utgjer ein tidel eller meir i høve til det årlege driftsresultatet frå landbrukseigedomen. Før endringa har det vore eit krav at inntektene frå festetomtene har utgjort ein tidel eller meir av totalinnkoma (bruttoinnkoma) ved drift av landbrukseigedomen. Justisdepartementet legg til grunn at ei slik endring vil sikre næringsgrunnlaget i landbruket betre enn etter gjeldande reglar. Dette vil også kunne tryggje busetjinga i særleg sårbare område. Forskriftsendringa er resultatet av ei avveging av omsynet til bortfestarane i landbruket opp mot interessene til dei som festar tomt til fritidshus. I staden for innløysing vil festaren ha rett til lenging av festehøvet på same vilkår som før, og utan tidsavgrensing. Unntaket vil berre gjelde om landbrukseigedomen har eit totalareal på over 100 dekar, eller har fulldyrka jord på meir enn 20 dekar. Vidare må inntektene frå festetomtene som høyrer til landbrukseigedomen vere på meir enn 15 000 kroner til saman. Landbruksunntaket gjeld ikkje for landbrukseigedom som er eigd av det offentlege eller av føretak der det offentlege deltek.
- Nøkkelord
- Import