Aksjon mot ulovlege verkstader

Ei rekke «bakgardsverkstader» i Bergensområdet fekk i førre veke besøk av Statens vegvesen sin tilsynsseksjon. Tre av dei vart melde til politiet for å drive ulovleg, skriv vegvesen.no.

- Dette handlar om trafikktryggleik. Du skal vere trygg på at arbeidet som vert gjort på bilen din er utført av faglærte med godkjent utstyr. Difor skal alle bilverkstader ha dei nødvendige godkjenningane, seier aksjonsleiar Kristian Andre Sæbø i Statens vegvesen.

Arbeidstilsyn og Fylkesmann
Tilsynsseksjonen i Hordaland har fått bistand frå resten av regionen i samband med aksjonen. På førehand har dei kartlagt dei verkstadane som driv ulovleg. Fleire av desse har tidlegare fått besøk av tilsynsseksjonen, men har ikkje følgt oppmodingane om å skaffe seg dei nødvendige godkjenningspapira frå Vegvesenet.

Saman med Arbeidstilsynet og Fylkesmannen si klima- og miljøavdeling hadde Vegvesenet difor ein uro-aksjon torsdag og fredag, der dei vitja 29 verkstader i Bergensområdet. Målet med aksjonen var å sjekke lokala der dei driv ulovleg verkstaddrift, og samle bevis som kan bli brukt i ei melding av tilhøva.

Alle desse marknadsfører seg med bilreperasjonar, men ikkje alle hadde på dette tidspunktet bilar inne.

Trafikkfarlege reperasjonar
Sæbø meiner det er fleire argument for at bileigarar bør velje godkjende bilverkstader framfor ikkje-godkjende. Du har ingen garanti på at slike verkstader har fagleg kompetanse, noko som kan resultere i at jobben dei gjer på bilen din ikkje vert riktig utført, meiner Sæbø.

- Det kan vere feil eller manglar på utstyret dei brukar som kan føre til skader på bilen. Dei kan også bruke delar som ikkje er godkjende for din bil, eller dei set inn brukte delar som allereie er kasserte. Bilen kan dermed bli ein potensiell risiko ute i trafikken for deg og familien din, men også for medtrafikantar, seier Sæbø.

Billeg blir dyrt
Valet om å gå til ein ikkje-godkjent verkstad kan også bli dyrt.
- Forsikringsselskapet kan stille regresskrav ovanfor deg som bileigar dersom ei ulukke skuldast reperasjonar utført på ein verkstad som ikkje er godkjent. Du har heller ingen garanti på reperasjonar som vert utført, og det kan vere vanskeleg å reklamere. Det er ikkje sikkert verkstaden eksisterer om du kjem tilbake om nokre månader for å rette opp feil, åtvarar Sæbø.

Kravet om tiltak mot ulovleg verkstaddrift har også kome frå alle dei i verkstadbransjen som driv lovleg. Dei er leie av å skulle konkurrere med aktørar som ikkje må halde seg til dei same krava og godkjenningane, og bransjen har difor bedt Vegvesenet om å gripe inn.