Firma | Multiconsult |
Fylke | Hordaland |
Sted | Stord |
Søknadsfrist | 13.01.2019 |
I forretningseining Vest har vi eit innovativt arbeidmiljø med ca 300 medarbeidarar. Til saman representerer vi dei fleste fagmiljø, og jobbar både einfagleg og fleirfagleg. Regionkontoret ligg i Bergen, medan Multiconsult si avdeling på Stord er lokalisert sentralt i Leirvik, med nye og moderne kontorlokale i Kunnskapshuset.
Avdeling Stord har om lag 50 medarbeidarar med fagmiljø fordelt på seksjonane Samferdsel og Infrastruktur, Bygg og Industri og Akva. Seksjon Samferdsel og Infrastruktur utgjer åtte medarbeidarar innafor fagområda arealplan, SØK, veg og VA. Våre arealplanleggjarar jobbar ofte i tverrfaglege akva- og byggrelaterte prosjekt, noko som bidreg til god variasjon i faglege utfordringar. Typiske kundar er kommunar, private utbyggjarar og oppdrettsselskap. Dersom du set pris på å jobbe tverrfagleg og kunderetta i ei variert og utfordrande rolle, så er dette ei stilling du bør sjå nærare på.
Arbeidsoppgåver
- Ulike typar arealplanlegging innan privat, kommunalt og regionalt planarbeid
- Kommuneplanar
- Kommunedelplanar
- Reguleringsplanar
- Arealanalysar i GIS
- Mogleheitsstudier
- Konsekvensutgreiingar
Kvalifikasjoner
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet
- Fagleg bakgrunn innan areal- og samfunnsplanlegging
- Det er ønskjeleg med 3-5 års erfaring frå bransjen innan offentleg eller privat sektor
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Utadvendt
- God gjennomføringsevne
- Sjølvstendig, initiativrik og fagleg engasjert
- Ansvarsbevisst og fokusert på gode leveransar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Eit veldig godt arbeidsmiljø prega av kompetente og engasjerte medarbeidarar
- Ei spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for utvikling
- Ei ekspansiv bedrift kjenneteikna av eit sterkt merkenamn og eit multifagleg miljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Moderne lokale sentralt på Leirvik, Stord
- Fem veker ferie, fri i romjula og i påska, og fleksibel arbeidstid
- Ei rekke personalgode som firmaturer og firmahytter
- Ein arbeidsgivar som er oppteken av ein sunn balanse mellom jobb og fritid
For ytterlegare informasjon om stillinga, ver venleg å ta kontakt med seksjonsleiar Svein Andersland på e-post svein.andersland@multiconsult.no eller telefon 913 99 524.
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Multiconsult, Stord
- Fylke Hordaland