980 av 1.380 millionar kollektiv-kroner er fordelt

- Vi vil auke valfridomen for dei reisande, slik at fleire vel å gå, sykle eller reise kollektivt. Midlane frå den såkalla Belønningsordninga legg til rette for dette, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Dei ni største byområda i landet hadde belønningsavtalar med staten ved utløpet av 2015. Det er avtalefesta følgjande fordeling mellom desse byområda i 2016:

  • Oslo: 280 mill. kr
  • Bergen: 140 mill. kr
  • Trondheim: 170 mill. kr
  • Stavanger: 60 mill. kr
  • Kristiansand: 80 mill. kr
  • Buskerudbyen: 80 mill. kr
  • Skien/Porsgrunn: 60 mill. kr
  • Fredrikstad/Sarpsborg: 50 mill. kr
  • Tromsø: 60 mill. kr

Dette utgjer alt i alt 980 millionar kroner. Desse midlane blir utbetalt på bakgrunn av om den årlege rapporteringa viser at byområda har oppfylt krava i avtalane med staten.

Samferdselsdepartementet kjem på eit seinare tidspunkt attende med fordelinga av det resterande beløpet på 400 millionar kroner.

- I statsbudsjettet for 2016 er det alt i alt løyvd 1 380 millionar kroner til Belønningsordninga. Det er ein auke på 46 prosent samanlikna med forslaget i det siste budsjettforslaget frå den førre regjeringa i 2013. Det er eit taktskifte i satsinga på kollektivtransport i byområda som regjeringa er i gang med, seier samferdselsministeren.