KLP inn i Tussa Kraft AS

KLP ynskjer å gå inn med eigenkapital i Tussa Kraft AS. Avtalen vil ha ein verdi på nær 305 millionar kroner, dersom eigarane gir si tilslutning. På aksjonærmøte i Ørsta i dag vart planane lagt fram for eigarane.

Styret i Tussa har ønska ein ny partnar for å styrke eigenkapitalen og fundamentet for vidare utvikling av konsernet. For å avklare eigarane si haldning til dette initiativet vart det halde aksjonærmøte i dag. KLP var invitert til å vera med på møtet der planane vart lagt fram.

KLP ynskjer å erverve ein eigarandel på 12,8 prosent i Tussa. I tillegg blir det planlagt ein emisjon på 2,2 prosent. Den samla eigarandelen vil då koma opp i 15 prosent, som er den avgrensinga Lov om forsikringsvirksomhet set for eigarengasjement.

- Det er svært viktig for oss at det er eit breitt ønske blant eigarane om at vi skal gå inn på eigarsida i kraftselskap. Vi er svært glad for at eigarane i Tussa Kraft AS har gitt eit klart signal om at dei ynskjer at vi skal gå inn på eigarsida i selskapet. Det gir eit grunnlag for å gå vidare med denne investeringa, seier konserndirektør for økonomi og finans i KLP, Aage E. Schaanning.

- Kraftnæringa kan vise til stabil og god avkasting og har eit langsiktig perspektiv. Dette passar godt med forvaltinga av KLP sitt pensjonsfond. KLP har i ei årrekkje gitt lån til norske energiselskap, og har betydeleg finansiell eksponering mot denne sektoren. KLP kjenner kraftnæringa godt, og har eit langvarig og nært kundeforhold til mange av energiselskapa og eigarkommunane deira. KLP har derfor i lengre tid vore opne for å gå inn med eigenkapital i kraftnæringa, heiter det i ei melding frå selskapet.

- Vi ser på Tussa Kraft som eit sterkt og godt drive selskap med stort potensial. Vi ser fram til å ta del i den vidare utviklinga av selskapet, seier Schaanning.