Stadig fleire nye føretak

Det vart registrert 13 684 nye føretak i 2. kvartal 2012. Dette er ein auke på 15,4 prosent samanlikna med 2. kvartal 2011.

Totalt vart det registrert 29 963 nye føretak i dei to første kvartala i 2012. Dette er 13,8 prosent fleire føretak enn i den same perioden i 2011, melder SSB.

Talet på nye aksjeselskap (AS) gjekk opp med 60 prosent frå 2. kvartal 2011 til 2. kvartal 2012. I den same perioden gjekk talet på nye norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) ned med 65 prosent. I 2. kvartal 2012 vart berre 2 prosent av dei nye føretaka registrerte som NUF, mot 7 prosent i 2. kvartal 2011. 43 prosent av dei nye føretaka i 2. kvartal 2012 var AS, mot 31 prosent i 2. kvartal 2011.

Det vart registrert flest nye føretak innan byggje- og anleggsverksemd, med 17 prosent. 14 prosent av dei nye føretaka vart registrert innanfor fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting, medan 12 prosent vart registrert innanfor varehandel. I 2. kvartal 2012 vart det registrert 27 prosent fleire nye føretak innan byggje- og anleggsverksemd samanlikna med 2. kvartal 2011.