Stor dag for Hardangerbrua

- I dag regnar det for bru(r)a, og det betyr lykke, sa ordførar i Ullensvang, Solfrid Borge.

Ho var ein av dei frammøtte som skålte i høge glas på verandaen til prosjektkontoret i Vallavika etter at opningssalva var avfyrt.

Fire ordførarar, grannar av brua, entreprenør og prosjektleiing var samla til markering - for no er vi i gang.

Dei fire ordførarane var samstemte i si uttale; Dette har vi venta på. Det vil gi ny giv til denne delen av fylket, ikkje berre etter at brua er ferdig, men også i anleggsperioden.

AF Gruppen har kontrakt for dei to første entreprisane i prosjektet. Det gjeld tilførselsvegar og tunnelar på begge sider av fjorden.

Eivind Opedal i AF Gruppen seier: - Det var ein stor dag - med høgtid - da vi skreiv kontraktane. Men dette er ein større dag, for no er vi i gang og alvoret har starta. - Det er no vi skal vise kva vi er gode for.