- Klart for vidare utbygging

- Det er no konkludert om valet av trasé for E6 og dobbeltspor for jernbane langs Mjøsa. Det er dermed klart for ei vidare utbygging av ny firefelts E6 langs Mjøsa.

- Dette vil bidra til ein sterk reduksjon i talet på drepne og hardt skadde på strekninga, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil i Nasjonal transportplan, som vert lagt fram i mars i år, gå inn for utbygging av dobbeltspor mot Hamar på strekninga Minnesund - Steinsrud. Samferdselsministeren sa dette i samband med at regjeringa sitt traséval for E6 og Dovrebanen langs Mjøsa vart presentert i dag.

Det er allereie sett i sett i gang bygging av ny veg på strekningane Gardermoen - Dal i Akershus og Skaberud - Kolomoen i Hedmark. Desse strekningane vil bli opna for trafikk hausten 2009. Det er sett i gang førebuingar for anleggstart av strekninga Dal - Minnesund, som er den andre fasen i denne utbygginga.

Det blir lagt fram eit bompengeopplegg for andre fase for Stortinget så snart det ligg føre tilstrekkelege avklaringar. Tredje og siste fase av den samla utbygginga mellom Gardermoen og Kolomoen er E6 mellom Minnesund og Skaberud.

Samferdselsministeren peikte på at Dovrebanen er ei viktig godsstrekning der kapasiteten er fullt utnytta per i dag, og at dobbeltsporet på strekninga Eidsvoll-Hamar er første steg på vegen mot halvtimes frekvens og reisetid ned mot ein time Hamar-Oslo. Dagens reisetid er om lag ein time og 25 minutt.

- Det er lagt opp til ei samordna utbygging av veg og bane på strekninga Minnesund - Kleverud. Dette gir ein samla reduksjon i investeringskostnader på 3-400 millionar kroner. Eg er oppteken av å få mest mogleg igjen for pengane som blir løyvd til samferdsel. Ei slik samordna utbygging er eit særs viktig grep, seier samferdselsministeren.