Løyve til å bygge Syrifossen kraftverk i Voss kommune

NVE har gjeve SyriKraft AS løyve til å bygge Syrifossen kraftverk i Voss kommune i Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 8,2 GWh, noko som tilsvarar straumbruken til rundt 400 husstandar.

Utbygginga vil redusere vassføringa i Dyrvo på utbyggingsstrekninga. Av omsyn til biologien i og langs vassdraget er det sett krav om ei minstevassføring på 350 liter i sekundet om sommaren og 100 liter i sekundet resten av året.

Det skal monterast ein omlaupsventil for å hindre negative verknader på anadrom laksefisk som følgje av eit eventuelt utfall av kraftverket.

Med desse vilkåra meiner NVE at allmenne interesser er sikra, samstundes som ei utbygging vil gje ein viss auke i kraftproduksjonen.