Illustrasjonsfoto: Jan Fredrik Frantzen

Ønskjer nytt sjukehus på Ullandhaug til 8 milliardar

Styret i Helse Vest meiner Ullandhaug er det beste tomtealternativet når Helse Stavanger skal bygge nytt sjukehus. Det blei klart på styremøtet i dag. Kostnadsramma er satt til 8 mrd. kroner.

Det var eit samrøystes styre som gikk inn for Ullandhaug-alternativet. Styret grunngav avgjersla med at Ullandhaug er det alternativet som vil gi best og mest sjukehus for pengane, både for pasientane og dei tilsette. Dette er i tråd med anbefalinga frå styret i Helse Stavanger 27. november.

Omfattande arbeid

- Gjennom «Prosjekt sjukehusutbygging» har Helse Stavanger gjort eit omfattande og grundig arbeid med å vurdere korleis sjukehuset må utviklast for å møte det framtidige behovet og kva utbyggingsløysing som best vil understøtte dette, heiter det i ei melding frå Helse Vest.

Styret i Helse Vest har fått innføring i dei tre aktuelle alternativa og har tidligare denne månaden vore på synfaring ved alle dei tre tomtealternativa. I vurderinga si har styret vekta dei tre alternativa etter følgjande kriterier:

- ​Kvalitet på tenesta veg tyngst, før økonomisk bereevne, finansielt handlingsrom og kapasitet.

- Dernest kjem bygget sin elastisitet, fleksibilitet og kvalitet, samt mogelegheit for gjennomføring og tidsaspekt.

- Samfunnsforhold, forskings- og utviklingsarbeid og rekruttering er vekta lågast.

Med bakgrunn i dei vurderingane som her er gjort og dei kriteria som er nytta, tilrår styret i Helse Vest at Ullandhaug-alternativet blir vidareført til forprosjekt.

- Ullandhaug er det alternativet som samla står fram som det beste alternativet. Det kjem best ut når det gjeld tilrettelegging for god pasientbehandling og på økonomiske forhold både i byggefase og etter at første byggetrinn er realisert. Ullandhaug er òg det alternativet som gir lågast prosjektkostnad og som gir grunnlag for best resultatutvikling i perioden fram til 2030, seier styreleiar i Helse Vest, Terje Vareberg.

Styreleiaren understrekar vidare at Helse Stavanger må nytte merknadane, i styresaka til Helse Vest RHF og i den eksterne kvalitetssikringsrapporten, til å forbetre prosjektet gjennom det vidare arbeidet. Helse Stavanger må m.a. arbeide med grunnlaget for dimensjonering, tidsperspektiv på framskriving og dei føresetnadane som er lagt til grunn for finansiering og økonomisk berekraft. I tillegg må ein tidleg avklare dei reguleringsmessige forholda både knytt til tomt og transportløysing.

Styret legg vidare til grunn at Sjukehusbygg HF blir nytta i det vidare arbeidet, og at Helse Stavanger nyttar seg av dei erfaringar som kan hentast frå andre sjukehusutbyggingsprosjekt med særleg vekt på dei erfaringane som er gjort etter at det nye Østfoldsjukehuset er tatt i bruk.

​​​Den endelege avgjerdsla på kor det nye sjukehuset i Helse Stavanger skal byggast, blir tatt av Helse og omsorgsdepartementet. Avgjerdsla blir presentert i føretaksmøte med Helse Vest i midten av januar 2016.