Illustrasjon: Forsvarsbygg

Forsvarsbygg inngår kontrakt med Siemens

Forsvarsbygg kampflybase har inngått ei rammeavtale om levering av bygningsautomasjon og sentral driftskontroll (SD-anlegg) med Siemens AS.

Rammeavtalen skal syte for å dekke Forsvarsbygg sine behov for slike leveransar inn i utbygginga av hovudbasen på Ørland og den framskote basen på Evenes (for nye kampfly).

– Et godt inneklima er viktig for arbeidsmiljøet og avtalen vil syte for ei god styring av mellom anna inneklima kombinert med optimal energibruk i våre bygg på flystasjonane, seier Jens Levi Moldstad, plan- og utbyggingssjef i Forsvarsbygg kampflybase.

Forsvarsbygg er godt i gang med bygginga på Ørland hovudflystasjon. Denne kontrakten sikrar leveransar for styringa av mellom anna ventilasjons- og varmeanlegg ved skipinga av nye bygg og anlegg for Forsvaret sitt nye kampfly F-35 og oppgraderinga av eksisterande bygningsmasse.

For automatikk og SD anlegg femnar kontrakten mellom anna fylgjande produktgrupper:
* Programmering og arbeidsunderlag for utføring av anlegg som skal leverast.

* Levering av naudsynt utstyr i det einskilde bygg og for det sentrale driftsanlegget

* All automatikk skal knytas opp til «Desigo Insight OSD» system. Noverande og ny installasjon skal ha same opne løysning.

- Siemens AS er eit av fleire firma som var kvalifisert og hadde lågast i pris i sitt tilbod. Det ligg også til grunn for tildelinga av kontrakten, seier Jens Levi Moldstad.

Kontrakten har ei verdi på 50 til 60 millionar kroner.