Nei til Dalane kraft

NVE rår Olje- og energidepartementet frå å gje Dalane kraft AS løyve til å bygge og drifte Frøytlog kraftverk i Orrestadvassdraget i Sokndal kommune

Rogaland. NVE meiner at bygging av kraftverket vil ha store negative konsekvensar for biologisk mangfald.
Dalane kraft AS har søkt om løyve til regulering av Linborgvatnet, Orrestadvatnet og Botnavatnet og bygging av Frøytlog kraftverk i Sokndal kommune. Kraftverket har ein planlagd effekt på 4,9 MW og ein årleg produksjon på om lag 15 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 750 husstandar.

NVE meiner at bygginga av Frøytlog kraftverk vil ha store negative konsekvensar for biologisk mangfald. Spesielt vil utbygginga vere ein trussel mot vasshalemose som har status som sterkt trua i den nasjonale Rødlista, men også fisk på anadrom strekkje ovafor kraftverket vert råka. Ulempene står etter vårt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderar difor utbygginga til ikkje å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser og anbefalar at det ikkje gis løyve til bygging av Frøytlog kraftverk.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.