Mer penger til gang- og sykkelvegar

- Framlegget frå regjeringa om å auke løyvingane til vegføremål over statsbudsjettet for 2006 gir rom for ei samla tilleggsløyving på 13 millionar kroner til bygging av gang- og sykkelvegar. Slik utbygging er viktig for å gjere vegane tryggare for alle trafikantar, også for dei som går eller syklar, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Tilleggsløyvinga på 13 millionar kroner til gang- og sykkelvegar er fordelt slik: 5 millionar kroner er sett av til bygging av ny kommunal gang- og sykkelvegbru over E6 ved Furuset i Oslo. Beløpet svarer til den statlege delen av kostnadene for dette prosjektet. 3 millionar kroner går til bygging av gang- og sykkelveg langs E136 i Lesja i Oppland, og beløpet dekkjer den statlege delen av kostnadene. Denne stamvegen, mellom Nord-Vestlandet og Austlandet, har stor gjennomgangstrafikk, med mange tunge køyretøy, seier samferdselsministeren. 5 millionar kroner til bygging av gang- og sykkelveg på E39- strekninga Ulven Søfteland i Os i Hordaland. Med denne utbygginga blir det eit samanhengjande gang- og sykkelvegnett mellom Os og Bergen.