Kraftig nedgang i potetavlingene

Det blei hausta 297 600 tonn poteter i 2011, ein nedgang på 11 prosent frå året før. Potetavlinga er den minste som nokon gong er registrert, melder Statistisk Sentralbyrå.

Det blei hausta 35 600 tonn mindre potet i 2011 enn året før. Gjennomsnittsavlinga per dekar av poteter gjekk ned frå 2 516 kilo i 2010 til 2 303 kilo i 2011.

Liten auke i grasavlingane
I 2011 var samla avling av eng til slått om lag 2,4 millionar tonn rekna som tørt høy. Det er ein auke på berre 1 prosent frå botnåret 2010. Gjennomsnittleg avling av eng til slått er utrekna til 561 kilo høy per dekar i 2011, mot 558 kilo året før.

Ved første slåtten i 2011 blei det hausta 4,2 millionar dekar eng, og ved etterslått 3,1 millionar dekar. I tillegg blei vel 0,7 millionar dekar eng berre beita.

Ved førsteslåtten blei 24 prosent av graset lagt i silo, medan 72 prosent blei hausta som rundballar. Ved etterslåtten blei 23 prosent lagt i silo, medan delen som blei hausta som rundballar, auka til 75 prosent. Graset frå 4 prosent av engarealet ved førsteslåtten blei tørka som høy, medan høy berre utgjorde 1 prosent av etterslåtten.

156 000 tonn andre fôrvekstar
Det blei dyrka andre fôrvekstar på 102 000 dekar i 2011, og samla avling utgjorde 156 000 tonn. Raigras utgjorde halvparten av dette arealet og vel 60 prosent av avlinga, medan grønfôrblandingar utgjorde 47 prosent av arealet og 33 prosent av avlinga.