Løyve til Støylselva kraftverk

NVE gjev Småkraft AS løyve til å byggje Støylselva kraftverk, samt å regulere Langevatnet med 1 m, i Flora kommune i Sogn og Fjordane.

Det er ikkje gjeve samtykke til oreigning av rettar knytt til tiltaket. Støylselva kraftverk vil med dei fastsette vilkåra få ein årleg produksjon på om lag 3,35 GWh og med det forsyne omlag 150 husstandar med straum. Kraftverket er planlagt med installert effekt på 2,1 MW, melder NVE på sine nettsider. 

Utbygginga vil nytte eit fall i Støylselva på 191 m. Langevatnet vil i bli regulert mellom kote 540,5 og kote 541,5 i vintersesongen, medan det var søkt om regulering heile året.

Frå inntaket i Langevatnet skal vatnet førast i nedgrave røyr til kraftstasjon på omlag kote 350.

Det vert behov for ny veg til inntaket og som tilkomst til kraftstasjonen. Vegen skal vere permanent skogsveg, men tilbakeførast til køyresterkt terreng over cirka kote 525.