Ny kraftledning i Gloppen

Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE) gjev SFE Nett AS løyve til byggje ein ny 132 kV kraftleidning på ca. 13,5 km mellom Sandane transformatorstasjon og Reed transformatorstasjon i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane.

NVE gjev også SFE Nett konsesjon for ein utviding av eksisterande Sandane transformatorstasjon med om lag 0,5 daa. Kraftleidningen vil legge til rette for auka produksjon av ny fornybar kraft i området. Den er også eit ledd i overgangen til 132 kV systemspenning i regionen.

NVE skriv på si nettside at dei vurderer miljøverknadane av tiltaket til å vere akseptable. Kraftleidningen vil for det meste ligge godt skjult i skog, mens i bratt terreng og over jordbruksområde vil kraftleidningen bli et synleg inngrep. Kraftleidningen vil gå i ytterkanten av Kolebakkane naturreservat, men ingen områder med kjente raudlista arter. Kraftleidningen vil gå gjennom område av lokal verdi for friluftsliv og kulturminner. Ingen bustader vil få elektromagnetiske felt over anbefalt utgreiingsgrense.

Leidningen skal i all hovudsak byggast med portalmaster i tre og glassisolatorar i I-oppheng med unntak av innføring til Sandane transformatorstasjon. Der skal leidningen skal byggast med stålmaster.

NVE krev at SFE Nett skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan som skal godkjennast av NVE før anleggsstart. Det vert og sett krav om skånsam skogrydding, og at det vert teke spesielt omsyn ved kryssing av Kolebakkane naturreservat.

Ifølgje NVE har dei etter ei samla vurdering funne at dei samfunnsmessige fordelane ved anlegget utan tvil må påreknast å vere i overvekt i høve til skader og ulemper som vert påført andre. NVE vil av denne grunn også meddele SFE Nett AS ekspropriasjonsløyve for anlegget.