Eksisterande bygg skal bli meir energivennlege

I klimameldinga går regjeringa inn for at gamle vindauge, dørar og isolasjon blir skifta ut med meir energieffektive produkt dersom dei likevel skal skiftast.

- Heile 40 prosent av energibruken vår er i bygg. Det er mykje energi å spare ved å stille høgare krav til kvalitet på bygningskomponentar som blir skifta ut i eksisterande bygg. Til dømes blir det krav om å setje inn vindauge av betre standard når ein skal skifte ut dei gamle, seier Navarsete.

Regjeringa vil seinare klargjere kva type byggjearbeid og byggjeprodukt desse krava skal gjelde. Departementet utgreier dette no. Ei første utgreiing om dette skal etter planen vere ferdig før sommaren.

Dei fleste eksisterande bygg tilfredsstiller ikkje dei gjeldande energikrava. Difor er det høgare energibehov i gamle bygg enn i bygg som følgjer dagens standard. I dag gjeld byggjereglane berre for nye bygg og søknadspliktig rehabilitering. Storparten av rehabiliteringa som blir gjort er ikkje søknadspliktig.

- Berre ein til to prosent av bustadmassen blir nybygt eller rehabilitert kvart år. Difor vil dei eksisterande bygga påverke den totale energibruken i lang tid framover. Når nokon uansett skal skifte ut delar i bygget sitt, er det fornuftig å bytte til produkt som gjer at energibehovet går ned, meiner Navarsete.

- Regjeringa ønskjer også å utvide forbodet mot å installere kjel for fossilt brensel til også å gjelde eksisterande bygg. Dette kjem vi nærare attende til, seier Navarsete.