Enklare byggjereglar for studentbustader

Frå 1. april 2012 blir det enklare å byggje studentbustader. Då blir nokre av krava til tilgjenge lempa på for 80 prosent av bustader mynta på studentar.

- Studentbustader er mellombelse bustader. Nokre av byggjekrava som gjeld for ordinære bustader er ikkje alltid føremålstenlege her. Nokre leilegheiter i studentkompleksa skal alltid byggast tilgjengelege. Det sikrar at alle kan bu der, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Unnataket gjeld for studentbustader som blir bygde av studentsamskipnader eller stiftelsar for studentbustader. Stiftelsane må ha fått tilsegn om tilskot frå Husbanken.

- Stadig fleire tek høgare utdanning. Det er viktig at dei får tilgang på egna bustader. Når vi no lempar på nokre av dei byggtekniske krava, blir det enklare å byggje for studentane, seier Navarsete.

For å sikre eit likestilt tilbod skal tilkomst og fellesareal vere tilgjengelege for alle. Det skal dessutan vere eitt tilgjengeleg toalett for besøkande i kvar etasje i studentbustader som har heis.

Forskrift om endring i forskrift om tekniske krav til byggverk (Byggteknisk forskrift)