Mange vil delta i bustadprosjekt i distrikta

- Heile 82 kommunar har søkt om deltaking i prosjektet ”Bustadetablering i distrikta”. Det syner at satsinga er både attraktiv og viktig. Det seier statsråd Liv Signe Navarsete.

I 2012 er det sett av 20 millionar kronar til satsinga. 10-12 kommunar får vere med. I april blir det gjort kjent kva kommunar som får ta del i satsinga.

- Målet er å auke bustadtilbodet i distrikta. Nokre stader er bustadmarknadene små og usikre. Andre plassar manglar det bustader. Kommunar kan ha arbeidsplassar, men ikkje bustader til tilflyttarar. Tilskot til bustadetablering vil gjere det lettare å rekruttere kompetanse til slike kommunar, seier Navarsete.

Kommunane kan bruke tilskotet til å etablere bustader for utleige. Dei kan også gje tilskotet til personar som ynskjer å byggje eigen bustad.

Ordninga vil også gje kommunane auka kompetanse i å leggje til rette for bustadutvikling.

Desse har søkt om å delta
Meir om kriteria og søkjeprosess