Galeien opnar på Haakonsvern

Onsdag klokka 13 opnar det nye administrasjonsbygget Galeien på Haakonsvern. Galeien er det første byggeprosjektet i forsvarssektoren som heilt og fullt er prosjektert og bygd etter det såkalla buildingSMART-konseptet.

Prosjektorganisasjon:

Byggherre: Forsvarsbygg
Bruker: Sjøforsvaret og Forsvarets logistikkorganisasjon
Arkitekt: Rambøll Norge AS
Hovedentreprise: Veidekke
Ventilasjon GK Norge
Elektroarbeider: YiT AS

Faggruppe buildingSMART:
Forsvarsbygg
BuildingSMART Norge SINTEF Byggforsk
Data design system ASA
Standard Norge

– Dette er eit revolusjonerande bygg som representerer ei ny tid i eigedomsbransjen, seier direktør i Forsvarsbygg, Frode Sjursen.

Då prosjektet tok til i 2007, vart det bestemt at dette skulle bli Forsvarsbyggs første byggeprosjekt som skulle nytte buildingSMART-konseptet. No, fem år etter at dei første digitale skissene flimra over skjermane, er den 2000 kvadratmeter store bygningen i full drift.

- Galeien kan tilsynelatande sjå ut som eit heilt vanleg kontorbygg. Men for Forsvarsbygg og forsvarssektoren er dette ein revolusjonerande bygning. Denne måten å bygge på representerer ei ny tid i eigedomsbransjen, seier Sjursen.

Kollisjonstesting
BuildingSMART inneber enkelt sagt at bygningen byggast og simulerast i ein digital tredimensjonal modell før byggeperioden startar. Modellen av Galeien blei brukt til å kontrollere om huset var byggbart og for å effektivise-re informasjonsflyten i byggeprosjektet. Mellom anna vart bygningen kollisjonstesta digitalt på dataskjermen før ein tok til med sjølve byggeperioden.

- BuildingSMART betyr auka førehandskunnskap for brukarane, langt færre byggefeil, meir effektiv bruk av tid og lågare byggekostnadar, seier regionsjef i Forsvarsbygg, Bjørn Tore Rognstad.

Då byggeprosjektet var ferdig, vart modellen av bygningen overlevert, og fungerer no som ei digital opplagsbok når det vert behov for vedlikehald og utskiftingar.

Viktig erfaring
Forsvarsbygg har sett mål om å være førande i utviklinga av buildingSMART i eigedomsbransjen. Stadig fleire byggeprosjekt i Forsvarsbygg nyttar buildingSMART.

- Erfaringane frå Galeien er sjølvsagt sentrale i vårt vidare arbeid med buildingSMART, seier Sjursen.

Galeien vil samle Kysteskadren sine stabar på småfartøya på ein stad. I tillegg skal ei avdeling i Forsvarets logis-tikkorganisasjon vere lokalisert her. Forsvarsbygg vil stå for forvaltning, drift og vedlikehald av bygget. Total prosjektkostnad er om lag 80 millionar kroner. Rambøll Norge AS har vore arkitekt. Bygget er satt opp i en hovudentreprise av Veidekke.