Mer til sikring av friluftsområder

Løyvinga til kjøp av friluftsområder blir auka med 15 millionar kroner i forslaget til revidert nasjonalbudsjett.

- Det er gledeleg at mange kommunar no er aktive i arbeidet med å sikre friluftsmoglegheiter for allmenta. Det er positivt både for folks trivsel og for folkehelsa, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Direktoratet for naturforvaltning gjer tilsegn til kommunar om økonomisk støtte til sikring av friluftsområder for allmenta. Direktoratet har denne våren foretatt ein gjennomgang med kommunane for å få ein oversikt over kor langt dei har kome i gjennomføringa av sikringa. Gjennomgangen viser at det truleg vil bli ferdigstilt vesentleg fleire saker i løpet av året enn det som blei lagt til grunn då 2010-budsjettet vart fastlagd.

Blant dei viktigaste områdene som no blir gjort klare, er Vibrandsøy i Haugesund (ca 330 dekar), Saltholmen i Råde (20 dekar badestrand), Yxney i Sandefjord (badestrand, turområde, turvegar), grunnkjøp for turvegar langs Rensvikvatn og Bolgvatn utanfor Kristiansund, to bebygde strandareal som blir gjort frie i Kristiansand (Voie og Buane, i alt 30 dekar) og omlag 15 turvegsprosjekt og friområder i Oslo og Stavanger (samarbeid om auka lagleg tilkomst).