Nei til Eldrevatn kraftverk

NVE seier nei til bygging av Eldrevatn kraftverk i Lærdal kommune, Sogn og Fjordane.

NVE meiner at fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulemper for ålmenne interesser.

Det er Eldrevatn kraftverk AS som har søkt NVE om løyve til å bygge kraftverket.
Det er planlagt eit kraftverk med ein årleg middelproduksjon på 21,7 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 1000 husstandar. Kraftverket vil nytte deler av fallet mellom magasina Sulevatn/Vesle Juklevatn og Eldrevatn. Røyrgata på om lag 4,5 km skal gravast ned.

NVE legg i si vurdering vekt på at eit Eldrevatn kraftverk vil medføre betydelege negative landskapsmessige konsekvensar i eit høgfjellsområde med store miljøkvalitetar, og som dessutan er eit viktig regionalt og nasjonalt friluftsområde. Dei landskapsmessige konsekvensane kan vanskeleg avbøtast ved tiltak. Samla sett meiner NVE at eit Eldrevatn kraftverk vil redusere vesentlege kvalitetar knytte til landskapsoppleving, friluftsliv og naturmiljø.

NVE meiner derfor at fordelane ved bygging av Eldrevatn kraftverk er mindre enn ulempene for ålmenne interesser, og kravet i vassressurslova si § 25 er då ikkje oppfylt. På denne bakgrunnen er søknaden avslått.