Løyve til å bygge Tveiteskarelva kraftverk

NVE gjev Småkraft AS løyve til å til å bygge Tveitaskarelva kraftverk i Fusa kommune, Hordaland. Kraftverket vert bygd utan reguleringsmagasin og vil gje straum til om lag 580 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 340 meter over ei strekkje på om lag 1780 meter. Dette gjev ein årleg produksjon på om lag 11,6 GWh. Det skal sprengast tunnel, og røyrgata skal gravast ned. Utbygginga vil redusere vassføringa i Tveitaskarelva. Av omsyn til landskapsopplevinga og det biologiske livet i elva vert det ei minstevassføring i Tveitaskarelva på 50 liter per sekund heile året. Det er ikkje gjeve løyve til overføring av Gjoelva. NVE meiner at fordelane ved utbygginga er større enn ulempene for allmenne og private interesser.