Veidekke bygger syltetøyfabrikk og bustader

Styret i Lerum har vedteke å investere ein kvart milliard kroner for å flytte syltetøyproduksjonen og hovudadministrasjonen frå Sogndal til Kaupanger.

Veidekke kjøper produksjonsanlegget på kaia i Sogndal saman med lokale investorar for å utvikle eit prosjekt med om lag 140 bustadar. Veidekke har samstundes fått oppdraget med å utvide Lerum sin fabrikk på Kaupanger.

Lerum flyttar syltetøyproduksjonen og hovudadministrasjonen i Sogndal til anlegget på Kaupanger. Planen er at flyttinga skal vere gjennomført innan mars 2018.

Stor dag i Lerum
- I dag er ein stor dag i Lerum. Vi har beslutta å flytte frå fabrikken på kaien i Sogndal, der vi har hatt produksjon sidan 1920. Det er eit omfattande prosjekt og ei betydeleg investering for oss, men vi er overtydd om at det må til dersom vi skal halde fram som ein leiande leverandør av næringsmiddelprodukt til den norske marknaden, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug i ei melding.

Det skal byggast om lag 4.500 kvadratmeter nytt areal på Kaupanger og om lag 1 500 m 2 av eksisterande bygningsmasse skal ombyggast. Dei legg opp til at arbeidet startar i haust i samarbeid med Veidekke Entreprenør i Sogndal.

Moderne fabrikk
- Med denne utbygginga vil vi få ein topp moderne og effektiv fabrikk på Kaupanger. Dette gir oss konkurransekraft, slik at vi kan vidareutvikle posisjonen vår som marknadsleiar på saft i Norge, samt utfordre syltetøyposisjonen. I tillegg betyr det mindre transport mellom Sogndal og Kaupanger, og mellom Lærdal og Kaupanger. Den samla investeringa inkludert kjøp av fabrikkbygget frå SIVA, er kostnadsrekna til om lag 250 millionar kroner, held Lerum Hjellhaug fram.

Dei totalt 6.000 kvadratmeter skal romme kontor, emballasjelager, frys, kokeri og produksjonslokale. Produksjonen i Sogndal skal halde fram for fullt i flytteperioden, parallelt med at de flyttar steg for steg og startar opp produksjonslinjene på Kaupanger.

Bustader

Eigedommen i Sogndal skal seljast og utviklast til bustadar.

- Dette grepet er viktig også for utviklinga og styrkinga av regionsenteret Sogndal. Sogndal veks og det er ynskje om fortetting og busetjing i sentrum. Med dette prosjektet får vi mange nye svært attraktive bustadar ved fjorden i Sogndal sentrum. Å få vekk tungtrafikken og fabrikken frå sentrum vil og vere bra, samstundes som Lerum framleis blir verande i kommunen. Dette er difor eit viktig grep både for Sogndal og Lerum, avsluttar Lerum Hjellhaug.

Ill. Lerum