Små endringar i konkurstala

Talet på konkursar og tvangsavviklingar låg i januar på omtrent same nivået som i januar 2014.

Fylkesvis varierer tala ein god del. For nokre fylke er månadstala på konkursar og tvangsavviklingar låge, noko som gir store prosentvise utslag. Sogn og Fjordane, kor talet auka frå tre til ti, blir notert for ein auke på 233,3 prosent. Buskerud har ein auke frå 14 til 32 konkursar og tvangsavviklingar, noko som gir 128,6 prosent auke.

Tilsvarande har ein del fylke nedgang i konkurstala: Størst i Hedmark med 57,1 prosent, og i Troms med 53,8 prosent.

Les meir her