Statens vegvesen signerte tysdag kontrakt for bygging av ny veg i Sømmevågen. Frå venstre: seksjonsleiar Øivind Kommedal, Statens vegvesen, anleggsdirektør Hans Ragnar Uthus, Kruse Smith og dagleg leiar Ole Bjelland, Bjelland AS.

Skreiv kontrakt med Kruse Smith og Bjelland

Statens vegvesen skreiv i dag kontrakt med arbeidsfellesskapet Kruse Smith Entreprenør og Bjelland AS for bygging av ny veg i Sømmevågen.

– Nå gleder vi oss til endeleg å kome i gang med arbeidet. Kontrakten har vore klar lenge, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Odd-Magnar Nerland.

Seksjonsleiar Øivind Kommedal signerte for Statens vegvesen, anleggsdirektør Hans Ragnar Uthus for Kruse Smith, og dagleg leiar Ole Bjelland for Bjelland AS.

Snart oppstart

Allereie neste veke kjem prosjektleiinga til å møte entreprenøren for ei synfaring og dialog.

– Så skal vi ha ein formell gjennomgang av kontrakten i eit møte om to veker, seier Nerland.

Etterpå startar arbeidet i Sømmevågen.

Betre framkomst

– Vi skal bygge nytt toplanskryss og utvide Tanangerveien mellom Sømmevågen og Sømme. I tillegg blir Flyplassvegen utvida frå Sentrumsvegen fram til rundkøyringa ved Nordsjøvegen i sør, forklarar prosjektleiaren.

Målet for den nye vegen i Sømmevågen er å betre kapasitet og framkomst langs riksveg 509, Flyplassvegen og gjennom krysset i Sømmevågen vest.