Anleggstart for Stordalstunnelen i 2013

- Utbygging av Stordalstunnelen fører til at heile E134-strekninga langs Åkrafjorden får god standard og enda tryggare trafikk, med god flyt og betre forhold for gåande og syklande. Anleggsarbeidet skal ta til i år, og den nye vegen skal opnast for trafikk i 2016.

Dette seier samferdselsminister Marit Arnstad i samband med eit forslag om finansiering og utbygging av prosjektet E134 Stordalstunnelen i Etne kommune i Hordaland.

Forslaget blei lagt fram i statsråd i dag.

Stordalstunnelen er siste del av del av den delvis bompengfinansierte utbygginga av E134 ved Åkrafjorden, det vil seie ei utbygging som omfattar strekninga Vintertun i Odda kommune - Bakka i Etne kommune.

Prosjektet omfattar ei strekning på vel 4,4 kilometer. Bygging av den 1,2 kilometer lange Stordalstunnelen inngår i prosjektet, saman med ein tunnel på 150 meter og omlegging av dagens veg på strekninga frå kryss ved Laureid og fram til Bakka. Omlegging av sidevegar og kryss med fylkesveg 48 ved Bakka er òg ein del av utbygginga. Dagens veg skal nyttast som lokalveg og gang- og sykkelveg.

Prosjektet er rekna å koste i alt 426 millionar 2013-kroner. I tråd med lokalpolitiske vedtak skal utbygginga finansierast ved ein kombinasjon av statlege midlar og bompengar.

Det er lagt opp til at innkrevjinga av bompengar for E134 Stordalstunnelen startar i 2014, når ein har nedbetalt den tidlegare gjennomførte utbygginga av E134 Rullestadjuvet/Vinterun - Vassvikvatnet i Odda kommune.

Innkrevjinga av bompengar vil skje ved dagens bomstasjon ved Eljarvik.