Prosjektleiar / Ingeniør

Helse Førde HF yter spesialisthelsetenester til dei 108 500 innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Føretaket er i stadig utvikling for å gjere tilbodet best mogeleg innanfor dei rammene styresmaktene set og brukarane forventar. Helse Førde har sjukehus og psykiatriske institusjonar i seks kommunar og ansvar for ambulanseteneste. Tal på tilsette er omlag 2500, og budsjettet er på 2,4 milliardar kroner.

Føretaket er organisert i 4 klinikkar. Det er det statlege Helse Vest RHF som eig Helse Førde. Helse Førde skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

FirmaHelse Førde HF
FylkeSogn og Fjordane
Søknadsfrist09.06.2014

Vil du vere med å påvirke Helse Førde videre?

Vi har ledig fast stilling som prosjektleiar ved Drift og Eigedom i Helse Førde. Stillinga er organisert under Stab og Støtte/Drift og Eigedom. Føretaket står ovanfor store utviklingsprosjekt, som gjennomføring av vedteken arealplan for Førde Sentralsjukehus.

Vi ønskjer ein prosjektleiar som skal vere pådrivar for utvikling av føretaket sine eigedomsprosjekt og som likar spennande utfordringar. Den rette kandidaten vil kunne pårekne eit stort ansvarsfelt, utviklande og spennande arbeidsområde og konkurransedyktige lønsvilkår.

Relevant og god praksis vil kunne kompensere for manglande formell utdanning. Kvinner vert oppmoda om å søkje.

Ref.nr.: 2195266780

VIL DU VETE MEIR? TA KONTAKT MED:

Viseadm. direktør Vidar Vie, tlf. 48 07 75 86. Eller vår Rådgiver Janne Mosaker i Prime People på tlf 41 60 77 87.

SØKNADSFRIST

9 juni 2014

FOR Å SØKE PÅ STILLINGEN:

www.helse-forde.no/jobb

www.helse-forde.no

Vis flere stillinger: