Voss stasjon på Bergensbanen. Foto: Njål Svingheim, Jernbaneverket

Fleire plattformer på Voss stasjon

Måndag 28. april vert den nye mellomplattforma ved Voss stasjon teken i bruk. Sidan hausten 2011 har det berre vore ei plattform for persontransport ved stasjonen, men no vert talet auka til tre.

Det skriver Jernbaneverket i ei pressemelding fredag.

Voss stasjon har vore gjennom ein periode med ombygging. Mellom anna er det bygt undergong frå stasjonsbygningen og fram til den nye mellomplattforma. Undergongen strekkjer seg også på tvers av jernbanespora. Den kan også nyttast til kryssing av jernbaneområdet for dei som skal til nordsida, mot Hangursbana og bustadområda på oppsida av Voss stasjon.

– Med opninga av den nye mellomplattforma vert kapasiteten for persontransport auka kraftig. Samanlikna med tilhøva før ombygging vert det no også heilt trygt å ta seg fram til perrong 2 og 3, seier prosjektleiar Berge Sørstrønen i Jernbaneverket.

Sjølv om den nye mellomplattforma no opnar, er ikkje alt ferdig. Noko arbeid vil bli sluttført til hausten, skriver Jernbaneverket i pressemeldinga.

– Framleis manglar takoverbygg og dei permanente heisane. Som mellombels løysing er det montert trappeheis, slik at rørslehemma og passasjerar med barnevogn skal kunne kome seg til og frå den nye plattforma utan hjelp frå andre. Dei permanente heisane vil bli montert så snart dei er ferdige hjå fabrikanten, truleg like over sommaren. Takoverbygget vil ikkje bli sett opp før til hausten, når sommartrafikken er over, opplyser Sørstrønen.

I samband med monteringa av takoverbygget kan mellomplattforma bli stengd i korte periodar når det blir utført arbeid som kjem i konflikt med reisande.

Endeleg opning av opprusta Voss stasjon vil finne stad første kvartal i 2015.