Vegplanleggjar Norconsult Førde

Norconsult AS er med sine 3000 tilsette Norges største fleirfaglege rådgjevar retta mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Vi leverer tenester nasjonalt og internasjonalt knytt til bygg og eigedom, energi, industri, miljø, olje og gass, samferdsel, samfunnsplanlegging, sikkerheit, vatn og avløp. Selskapet er eigd av dei tilsette. Hovudkontor er i Sandvika, og det er meir enn 80 andre kontor i Norge og utlandet.

Firma Norconsult
FylkeSogn og Fjordane
StedFørde
Søknadsfrist12.12.2016

Norconsult i Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal og Årdal. Vi utfører tenester innan areal- og byplanlegging, veg- og trafikkplanlegging, landskapsarkitektur, industri/maskin (prosess), kraftverk, VVA (veg, vatn, avløp), brannteknikk, byggje- og anleggsteknikk, VVS, elektro, landmåling, byggjeleiing og prosjektadministrasjon. Vi har i dag over 40 medarbeidarar i Sogn og Fjordane.

Norconsult er den største rådgjevaren i Norge innanfor samferdsel, og dekker alle fagområda som er naudsynt for utgreiing, planlegging og prosjektering av komplette samferdselsanlegg, frå idé til realisering. Store utfordringar står framfor oss med planlegging og bygging av moderne infrastruktur i Norge. Stortinget har gjennom Nasjonal transportplan (NTP) varsla ei stor satsing på vegutbygging.

Vi står overfor store og utfordrande oppgåver og ønskjer å auke bemanninga innanfor vegprosjektering. Både erfarne og nyutdanna kan søkje på stillinga. Vi ønskjer primært tilsetting ved Førde-kontoret vårt, men andre kontorstadar i Sogn og Fjordane kan vere aktuelle.

Arbeidsoppgåver:

  • Prosjekt-, prosjekteringsleiing, fag- og disiplinansvar i oppdrag
  • Planlegging og prosjektering av veg- og gateanlegg
  • Varierte arbeidsoppgåver innanfor i hovudsak detalj- og byggeplanstadiet
  • 3D-visualiseringer og innsynsmodellar, BIM
  • Utarbeide anbodsdokument, spesifikasjonar, faseplanar, anleggsgjennomføring og kostnadsoverslag
  • Oppfølging på byggeplass, evt. byggeleiing
  • Bidra innan marknadsføring og sal
  • Oppgåvene kan tilpassast den enkelte sine kvalifikasjonar, ønskje og interesse.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Sivilingeniør/ingeniør innan planleggingsfag og veg med gode evner og interesse for fagområdet
  • Noko erfaring med tradisjonelle prosjekteringsverktøy som AutoCad med NovaPoint, Civil 3D
  • Erfaring frå anlegg (entreprenør- eller byggherreorganisasjon) kan kompensere for manglande erfaring med prosjektering
  • God norsk formuleringsevne, skriftleg og munnleg
  • Sjølvstendig, kreativ og positiv person med evne til å samarbeide med andre
  • Faglig ambisiøs med analytiske evner

Vi tilbyr:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Spennande prosjekt i eit tverrfagleg miljø både innanfor lokalkontor, men også på tvers av Norconsult sine kontorstader i Norge
  • Store faglege utfordringar med mogelegheit til å utvikle deg vidare samen med dyktige medarbeidarar
  • Godt arbeidsmiljø og eit godt sosialt miljø
  • Eigarskap i eiga bedrift
  • Fokus på kompetanse- og personalutvikling
  • Regionale og landsdekkande faglege nettverk som du vil bli ein del av
  • Studieturar, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv
  • Yngres råd og fadderordning for nyutdanna

Innsending av søknad

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Send søknad

Kontaktperson

Lars-Idar Vegsund

Avdelingsleder Førde

tlf.: +47 45404686

Send e-post

Vis flere stillinger: