Bak frå venstre: Sindre Witsø (anleggsleiar i Vasto, Marius Eide, prosjektleiar i Vasto, Gitte Beiermann, byggeleiar i Statens vegvesen og Solgunn Langlo, prosjekteringsleiar i Statens vegvesen. Framme frå venstre: Joakim Valde, dagleg leiar i Vasto og Torbjørn Vatnehol, prosjektleiar i Statens vegvesen. (Foto: Statens vegvesen)

Vasto Anlegg AS gang- og sykkelveg i Sande kommune

Vasto Anlegg AS skal bygge 1,5 km gang- og sykkelveg på fv. 61 mellom Almestad og Gurskebotn i Sande kommune.

Prosjektet skal gje ei trygg gangvegløysing mellom bustadane langs oversida av vegen og fram til butikk, skule og kryss med fv. 10.

I samband med arbeidet vert det bygd ny bru over Vågselva. Brua er dimensjonert slik at ho kan nyttast til omlegging av vegen om det vert aktuelt å bygge ei ny køyrebru, melder Statens vegvesen.

Heile strekninga vil få veglys og to busslommar blir oppgradert til universell standard. I tillegg blir det lagt ny vassleidning og leidningar for spillvatn for Sande kommune på delar av strekninga.

- Vi planlegg å starte anleggsarbeidet i siste halvdel av august. Heile prosjektet skal vere ferdig til hausten neste år, seier prosjektleiar Torbjørn Vatnehol i Statens vegvesen.

Kontrakten er på 18,3 millionar kroner eks. mva. Statens vegvesen bygger gang og sykkelvegen på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.