Riksveg 15 gjennom Hjelledalen i Stryn er ein del av kontraktsområdet. Foto: Statens vegvesen

Riksveg 15 gjennom Hjelledalen i Stryn er ein del av kontraktsområdet. Foto: Statens vegvesen

Tre firma konkurrerer om å drifta riks- og europavegar i Nordfjord

Tre entreprenørar har levert tilbod på å drifta riks- og europavegane i Nordfjord 2023-2028.

Kontrakten går i eit geografisk variert område – frå hav til høgfjell, frå Måløy ytst på riksveg 15 i vest til Strynefjellet i aust på 1.000 meters høgde, heilt på grensa mot Skjåk og Innlandet fylke, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Følgande har levert tilbod (og alle prisane er eksklusive mva.):
Mesta - 236.087.540,00
Veidekke Industri - 247.324.007,35
Presis Vegdrift - 269.937.026,76

– Vi er godt nødgde med talet tilbydarar som har meldt si interesse for dette oppdraget, seier prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen i meldinga.

Statens vegvesen skal no gjennomføra grundig kontrollrekning og kvalitetssikring av tilboda. I løpet av nokre veker blir det klart kven som som blir tildelt kontrakten.