Traineeprogrammet - Saksbehandlar til Plan- og forvaltningsseksjonen

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Firma Statens vegvesen Region vest
FylkeHordaland
StedBergen
Søknadsfrist17.04.2015

Seksjonen har hovudansvar for m.a. planlegging av nye vegprosjekt, gang- og sykkeltiltak, trafikksikringstiltak, kollektivtiltak og universell utforming, samt ulike miljø og forvaltningsoppgåver. Seksjonen har 36 tilsette og som følgje av stor aktivitet i Bergensområdet treng vi å styrkja bemanninga vår spesielt innanfor fagområda gang – og sykkeltiltak, trafikksikringstiltak og arealplankontakt.

Denne stillinga lyses ut via traineeprogrammet for personar med nedsett funksjonsevne og høgare utdanning. Meir informasjon om programmet og kven som kan søkje finner du her: www.regjeringen.no/trainee

For å bli vurdert til stillinga må du ha sende inn en egenerklæring på at du er i trainee-programmets målgruppe og har nedsett funksjonsevne. Egenerklæringen finner du i bekreftingsmailen du mottar ved sendt søknad.

Hovudoppgåver vil vere m.a følgjande, men avhengig av søkjars kompetanse og interessefelt:
• Følgje opp Statens vegvesen si pådrivarrolle for å auka sykkelbruk.
• Være med å prioritere og følgje opp tiltak i årlege budsjett i samarbeid med andre etatar
• Vurdera og prioritera trafikksikringstiltak, samt følgje desse opp i plan- og byggjefasen.

• Delta i planprosessen for å sikre at nye vegar blir bygd så trafikksikre som råd.
• Følgje opp arealplanlegginga som går føre seg i kommunane og bistå kommunar/private utbyggjarar med faglege råd i arealplanarbeid
• Statens vegvesen kan gje innspel i forhold til trafikksikring, tilrettelegging for mjuke trafikantar, tilrettelegging for kollektivtrafikk som gjer køyretilhøve betre for kollektivtrafikken.
• Statusendring av vegar, samt andre miljø og forvaltningsoppgåve kan vera eit aktuelt arbeidsområde.

Kvalifikasjonar og bakgrunn:
Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, innan relevant fagkrins som t.d frå veg eller planfag.

Vi har høg aktivitet, både når det gjeld saksbehandling og den eksterne kontakten med t.d publikum, media og andre offentlege og private aktørar, og vi legg difor stor vekt på di evne til samarbeid internt og eksternt, samt gode kommunikasjonsevner både skriftleg og muntleg. Stillinga krev stor grad av sjølvstendigheit . Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:
• introduksjonsprogram og fadderordning
• fleksitid og gode ordningar for avspasering
• pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
• etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:

Sindre Lillebø

tlf: +47 55516407

mob: +47 91335871

Søk her

Vis flere stillinger: