Teknisk byggeleiar/kontrollingeniør Ryfast

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

FirmaStatens vegvesen Region vest
FylkeRogaland
StedStavanger
Søknadsfrist19.04.2015

Vil du ta del i bygginga av verdas lengste undersjøiske vegtunnel?

Statens vegvesen søkjer teknisk byggeleiar og kontrollingeniør til bygging av eit av Norges største samferdsleprosjekt, Rv.13 Ryfast og E39 Eiganestunnelen.

Statens vegvesen treng fleire gode medarbeidarar for utbygging av Ryfast og Eiganestunnelen. Prosjektet vart endeleg godkjent av Stortinget i juni 2012 og bygging er i gang for Ryfylketunnelen, Hundvågtunnelen og Eiganestunnelen. Kontrollansvarlege (ingeniørar) i Statens vegvesen er med på å sikre at byggjeprosjekta våre held høg kvalitet.

Prosjektet er lokalisert i prosjektkontor på Våland i Stavanger og er planlagt ferdigstilt i 2019.

Stillingane er fast i Statens vegvesen Region vest, ved prosjektslutt blir personell overført til andre relevante oppgåver i byggherrepoolen i regionen.

E39 Eiganestunnelen inneber ny tunnel frå Motorveien til nordre utløp av Byhaugtunnelen og ny veg frå Byhaugtunnelen og Eiganestunnelen til Smiene.

Prosjekt Eiganestunnelen er delt inn i to hovudentreprisar

  • Eiganestunnelen:Ny tunnel frå Schancheholen og Madlaveien til nordre utløp av Byhaugtunnelen, med tilhørande konstruksjonar og veg i dagen
  • Daganlegg Tasta:Dagsone med nye vegar og ny bru mellom tunnelen og Smiene.

Rv. 13 Ryfast er nytt vegsamband mellom ny E39 i Stavanger kommune og rv. 13 i Strand kommune. Hensikta er å etablere fastlandssamband mellom Ryfylke og Nord-Jæren og nytt fastlandsamband til Hundvåg frå Stavanger.

Ryfast er delt inn i to hovudentreprisar

  • Ryfylketunnelen: 14,3 kilometer lang undersjøisk tunnel mellom Solbakk i Strand og Hundvåg i Stavanger. Siste del opp mot Hundvåg ligg i entreprisen for Hundvågtunnelen. I tillegg kjem naudsynte element og tilpassinger ved daganlegg på Solbakk
  • Hundvågtunnelen:6,9 kilometer undersjøisk tunnel under Byfjorden mellom Hundvåg og Stavanger (inkl. ca. 1,2 km fellesstrekning med E39 Eiganestunnelen, samt element og tilpassinger ved daganlegget på Hundvåg)

Arbeidsoppgåver og k valifikasjonar teknisk byggeleiar betong

  • Oppfølging av betongarbeider i delentreprisane
  • Sluttdokumentasjon
  • Du må ha teknisk utdanning og erfaring frå oppfølging av betongarbeider

Arbeidsoppgåver og k valifikasjonar kontrollingeniør kablar og vatn-/avløpsledninger

  • Oppfølging av omlegging av kabel- og vatn-/avløpsomleggingar
  • Oppfølging av bygging av kabeltrasèar og vatn-/avløpsledningar i tunnel og i dagen
  • Sluttdokumentasjon
  • Du må ha teknisk utdanning og erfaring frå oppfølging av arbeider med kabler og vatn-/avløpsledninger

Begge stillingane er knytta til Ryfast-delen av prosjektet.

Både kreativitet og evne til systematisk arbeid er viktige eigenskapar i desse stillingane. Ein kontrollansvarleg må vere ryddig og real. Evne til å samarbeide med entreprenørane våre er heilt avgjerande, og du bør trivast ute på byggjeplassen. Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er initiativrik og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Det er elles viktig med gode generelle datakunnskapar sidan våre interne system er elektroniske og i hovudsak basert på internett/web-hotel.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk stilling

Kontaktpersonar:

Gunnar Eiterjord
mob: +47 91877089

Vis flere stillinger: