Stilling som kontrollingeniør innan drift

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Firma Statens vegvesen Region vest
FylkeSogn og Fjordane
StedNordfjordeid
Søknadsfrist07.04.2015

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som kontrollingeniør i vegseksjon Fjordane vegavdeling Sogn og Fjordane, med kontorstad på Nordfjordeid. Seksjonen har ansvaret for drift- og vedlikehald på riks- og fylkesvegar og bygging av nyanlegg innanfor rammer gitt av regionen.

Den ledige stillinga er i hovudsak knytt til kontrolloppgåver innan drift av riks- og fylkesvegar.

Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande innan eit sterkt fagmiljø. Stillinga vil vera knytt til byggherrepoolen i Region vest.

Arbeidsoppgåvene vert å:

  • Vere ein del av byggeleiinga som føl opp driftskontrakter
  • Gjennomføre stikkprøvekontroller knytt til drift av vegnettet
  • Bistå med innhenting av data ved utlysing av nye kontrakter
  • Delta i HMS-arbeidet
  • Stillinga inngår i vaktordning i byggherreberedskapen.

Kvalifikasjonskrav:

Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, med kompetanse innan bygg- og anleggstekniske fag eller tilsvarande.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Søkjar må ha førarkort for bil (kl. B).

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg vekt på:

  • Relevant og tverrfagleg arbeidserfaring
  • Generell kunnskap om drift av vegar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • At du er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert
  • Gode samarbeidsevner og at du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Søk her

Kontaktpersonar:

Lars Erik Karlsen

mob: +47 95191827


Margot Åsebø

mob: +47 95191902