Kraftverksoperatør Dag Flølo (til høyre) viser statsminister Jonas Gahr Støre rundt i kraftverket som kan forsyne 30.000 innbyggere med strøm. Foto: Eviny

Kraftverksoperatør Dag Flølo (til høyre) viser statsminister Jonas Gahr Støre rundt i kraftverket som kan forsyne 30.000 innbyggere med strøm. Foto: Eviny

Statsministeren opna kraftverk i Jølster

Statsminister Jonas Gahr Støre stod for den offisielle opninga av Jølstra kraftverk i Sunnfjord kommune tysdag

Kraftverket er eigd av SFE og Eviny med 50 prosent kvar, og forsyner nær 13.000 husstandar med straum. Med sine 252 GWh er Jølstra Kraftverk eit av dei største kraftverka som er bygd i Noreg dei seinaste åra. I juni stod SFE og Eviny for opninga av eit anna stort kraftverk i regionen, Østerbø kraftverk, på sørsida av Sognefjorden.

– Vi er stolte på vegne av SFE og Eviny. Fordi vi får til dette i lag. Og er det noko vi verkeleg treng i møte med klimautfordringane vi står overfor, så er det samarbeid. Vi må løfte i flokk, og vi treng alle gode krefter med på laget, seier Kristin Aadland, konstituert konsernsjef i Eviny, i ei pressemelding.

Jølstra Kraftverk fekk konsesjon i 2018, og etter ein byggeperiode på i underkant av to år kom kraftverket i prøvedrift allereie hausten 2021.

– Vi er stolte over våre dyktige organisasjonar som har klart å utvikle eit såpass stort kraftverk på ein skånsam måte. Verda treng meir fornybar energi, og når vi nyttar naturen til kraftproduksjon er vi opptekne av å gjere det på ein berekraftig måte, seier Johannes Rauboti, konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi, i meldinga.

Hovudentreprenør for utbygginga var YIT Infra Norge.

Statsminister Jonas Gahr Støre lot seg imponere over arbeidet og ingeniørkunsten bak kraftverket. Kraftverksoperatør Dag Flølo viste rundt. Foto: Eviny

Statsminister Jonas Gahr Støre lot seg imponere over arbeidet og ingeniørkunsten bak kraftverket. Kraftverksoperatør Dag Flølo viste rundt. Foto: Eviny